torsdag 9. april 2009

Påska hittil

Det er godt med påskeferie for både store og små:) Laurdag var det marknadsdag på Sandvikgarden og mamma og Inger pakka alle fire ungane i ein bil og tok turen. Vi fekk lokka med oss Jenny, Petter, Sara, Agnes og Knut-Roger og, så vi vart ein bra flokk:) Ein kjekk dag heilt til vi vart fulle av måling etter traktorturen, og Ronja datt av hesten, då kjende mammaane at nok var nok og vi reiste heim.




Håkon i traktortilhengar (som viste seg å vere nymåla...Smart!!)



Lea-gull
Søndag til reiste mamma og pappa til Ålesund for å besøke Alf-Petter, Kari Anne og Emma. Marthe var på besøk med tante Eva og Håkon var i dalen med farmor og farfar. Tysdag tok karane turen til fjells medan mamma og Marthe var heime og baka kaker. Vi besøkte oldemor og oldefar og. Onsdag kom Maria på besøk og vi kosa oss heime. Håkon og pappa kom heim frå fjellet.

I dag har pappa fødselsdag! Marthe og Håkon overraska på senga med gåver, og medan pappa fekk sove litt lenger i dag, laga vi krune til han. Ingen feiring utan krune var både Marthe og Håkon enige om, og begge passa på at pappa brukte den heile dagen.
Farmor, farfar og tante Eva kom på middag og kaffi. Etterkvart kom mormor og morfar heim frå påskeferie og tok turen innom og, og til slutt fekk vi besøk av Mariann, Harald, Hedda og Martine.

Syng bursdagssongen til pappa før vi koste oss med lammelår.


Kakemonster I og Kakemonster II

Etter kaker og kaffi skulle mamma ut med søppelet og jammen såg ho påskeharen hoppe i full fart oppover mot skogen. Dermed måtte vi ut å jakte etter påskeegg og gevinst vart det for begge to!

Og dermed var kveldsmaten redda;)




2 kommentarer:

Monika sa...

Så fine bilder! Høres ut som dere har hatt en koselig påske så langt! Kos dere videre!
God påske!

Camilla sa...

Hei snuppa!

Så mange fine bilder, du er jo så flink til å oppdatere her også, i motsetning til visse andre...
Kos dere masse resten av påska!
Klemmer fra meg!