fredag 1. januar 2010

Nyttår 2009

Nyttårsafta vart feira stille og roleg heime i Norvika. I år droppa vi pinnekjøttet og laga kalkun i staden for:) Mamma laga kalkun for fyrste gong, og den vart godkjent av alle tre! Resten av kvelden kosa vi oss med dessert, pepperkakehus, godteri og film. Både Marthe og Håkon var fast bestemt på å vere oppe heilt til midnatt og sånn vart det:) Det holdt hardt siste timen, og kl 2330 måtte vi gå ta turen ut i frisk luft.
Håkon var i ekstase over alt fyrverkeriet, og visste knapt kva vei han skulle sjå ei stund. Jon kom og skaut opp fyrverkeriet som mamma hadde kjøpt. Marthe var rett og slett så trøtt at ho måtte ha ei vogn å sitte i. Der sovna ho kl 00.02 og sov til kl 10.00.

Litt stjerneskudd etter middagen:)


Kjekt og spennandes!








Klokka nærmar seg midnatt og Håkon er spent på fyrverkeriet


Marthe er så trøtt at ho knapt klarar å løfte hovudet






Og der var nyttårsafta over for Marthe sin del. Trass i at det smalt frå alle kantar, så sovna i vogna:)

Knusing av pepperkakehus!

Nyttårsafta vart pepperkakehuset knust. Alt godteriet som låg rundt huset var vekk, og litt frå sjølve huset hadde og forsvunne på mistenkeleg vis...


"Sjå då mamma, ej kan smile samtidig som ej ser på tv!!"


"En,to,tre, KNUS!"


"Håkon!! Sjå ka som skjedde!"


"Ej me vil vere med på leiken"



"Til angrep"


"Sjå so sterke vi e då!"


"Trur du ej klare å knekke den i to mamma?"


"No knekk ej den me" "Å ej slår so sterkt mamma!"


"Vi e dei sterkaste i verden vi"


"Kan vi ete no?"


"Det e lov å ete berre nonstopen"












♥ ♥ ♥ ♥.Verdens bestaste kjærestepar ♥ ♥ ♥ ♥.

1.juledag heime i gamlestova på Sandnes.

Jula

Denne jula har vi tatt lite bilete, men her er eit lite knippe av det vi har. Jula vart feira heime i Norvika, pappa var diverre på arbeid i år, men sjølve julafta fekk vi besøk av farmor, farfar, tante Eva og onkel Eldar.
Vi har hatt ei koseleg og roleg jul, vore mykje ute i snøen, enten for å måke, gå på ski eller renne på akebrett. Ullklær har vore meir brukt enn finstasen, men det er kjekt med skikkeleg snø som ligg så lenge. Ellers har vi hatt late dagar med mykje kos heime, Julemorgen på NRK, stearinlys og fyr i omnen, julestrømper og god mat.


Pynta og klar for julafta.


Søskenkjærlighet



Jammen kom nissen på besøk





Og han hadde med ski, det fortjente ein klem:)


Hjelpe onkel med gaveopning


Håkon fekk seg rockegitar med tante og onkel. Han heldt huskonsert resten av kvelden, først til glede, etterkvart til fortvilelse;) No er den plassert på gutterommet, og vi må ofte ta turen opp for å høyre på konsert.


1.juledag måtte dei nye skia testast. Heldigvis har mormor og morfar flat plen;)


Håkon må så klart teste bakken


Med varierande resultat;)

Både Marthe og Håkon viste stor iver, ingen sutring ved fall, men gikk på med godt mot! Dette lovar bra;) Når pappa kjem heim må vi ta turen på fjellet og teste dei der. I mens trenar vi nede på flatmark.

Marthe 3 år!

Dårleg med oppdatering for tida, kan berre skulde på prioriteringar og latskap... Men no skal det i allefall kome litt bilete frå siste tida.
22.desember var det tre år sidan rampegullet vårt vart fødd. Ho vart feire med nissefest og var svært fornøgd med dagen:)

På stova sto det ein jooooosaaa sykkel til Marthe.


Nissejenta kosar seg med graut


Blid nissebror




Nissen kom på besøk med godteri i sekken.



søndag 8. november 2009

Svineri, omgangs og farsdag.

Då har vi mest truleg fått svineriet i hus. Håkon kom heim frå barnehagen torsdag med høg feber, kasta opp eit par gongar i løpet av natta og klaga over vondt i magen og beina. Fredag ettermiddag var vi til doktor og der vart han testa for svineinfluensa. Vi får ikkje svar før i neste veke, men doktoren var ganske så sikker på at det var svineriet.
Marthe er vaksinert, men det gikk berre tre dagar frå ho vart vaksinert til Håkon vart sjuk, så heilt immun er ho ikkje. Vi kryssar fingrane for at ho sleppe unna denne gongen.
Pappa og mamma har hatt omgangssjuke siste døgnet, så farsdagsfeiringa vart minimal. Pakkar på senga i dag tidleg som vart åpna mellom slaga. Vi har derfor heller ingen bilete frå årets farsdag av omsyn til dei involverte;) Vi får heller ha dobbelt så mykje bilete neste farsdag!

Håkon er på bedringens vei, men må halde seg heime heile neste veke. Det kan verte ei utfordring for både store og små, han taklar jo knapt å vere inne ein heil dag. Besøk kan i heller ikkje ta i mot, så ein lyt vel spe på med nye puslespel og anna i løpet av veka for variasjonen sin del.

tirsdag 27. oktober 2009

Kroppsmaling

Kroppsmaling er ei kunstform som i fylgje Håkon har fått altfor lite merksemd, og han har utnemnt seg sjølv som talsmann for denne kunstarten.