lørdag 25. april 2009

Siste veka...

....har vore hektisk, men kjekk!! Marthe har vore på overnatting i dalen og fekk seg ein fridag saman med farmor og farfar. Håkon tok same vrien tysdag, men då med mormor og morfar. Han måtte hjelpe morfar med å tømme hengaren for rusk og rask, og då nytta han sjansen til å vere att på Sandnes. Onsdag tok han fri frå barnehagen og hjalp morfar, før dei to og mormor tok turen til fjells. Samme ettermiddag kom tante Paula på besøk, og på kvelden kom Synnøve ein tur. Håkon var glad han fekk vere oppe og treffe ho, og Synnøve måtte legge han den kvelden. Stas med fadderbesøk.
Torsdag fekk Lea vere med Håkon og Marthe heim etter barnehagen, og Inger og Ronja kom på middag. Seinare var vi på besøk med Runa, der vi fekk helse på Synnøve, Herman og Camillo og.
Fredag tok vi fri alle mann. Synnøve og gutane kom på besøk og vi hadde ein kjekk dag saman. Camillo var ikkje heilt i form stakkars, han hadde vorte smitta av Herman og var full i vannkoppar, så no ventar vi på dei her i huset om ein fjorten dagars tid;)
Fredag ettermiddag ringte Inger og inviterte på pizza, så då slapp vi å lage middag, hurra! ;) Håkon og Lea kosa seg ute og leikar alltid godt i lag. Kjekt å vere på besøk på Myklebust.
I dag har Marthe og mamma laga kake og gjort klart til dåp i morgon. Håkon har vore på besøk med Magnus og kost seg der. Ettermiddagen har vi vore å besøkt oldeforeldra på Sandnes. Håkon og Marthe kosa seg ute, og dei vaksne slappa av med kaffi på trappa. Ei hektisk, men kjekk veke saman med gode venar og familie, og vi er enno ikkje komen til søndag;)
Det er godt med vår, sol og opplett. Både Håkon og Marthe er glad i å vere ute, og Håkon hadde nok vore ute 24 timar i døgnet om det hadde vore eit alternativ. I dag inntok han frokosten på naboen sin plen, han kunne ikkje gå glipp av å sjå på at naboen klipte plenen. Marthe måtte naturlegvis dilte etter;)
Marthe har vorte flink å sove på natta, og vi kryssar fingrane for at det held seg slik framover. Bleieslutten går strålande og ho er kjempeflink å sei frå når ho må på do. Ingen tenner på vei for øyeblikket, noko mor er glad for, og det har nok ein samanheng at ho søv så godt på natta for tida.
I morgon skal Emma døypast, pappa skal vere fadder, men er diverre ikkje heime. Vi andre gled oss til tur til Ålesund og dåpsfest:)

Bileta frå hytteturen er litt små...

Håkon hjelper morfar å rygge klipparen på hengar.


Mormor og Håkon på veg til hytta, må ha ei lita kvild før ein går vidare.








Ein kjekk liten indianar på hytta:)


Herman, Synnøve og Marthe.


Vafler til lunsj


Herman-gull.


Håkon og Camillo ser film. To kjekke karar!

1 kommentar:

Anonym sa...

Pappa..Du e bra flink å holde dei i aktivitet:)Kjeme snart heim igjen no,gler mej