fredag 3. april 2009

Litt bilder frå siste tida

Det har vore dårleg med oppdatering siste tida, men vi har styrt med mykje likevel. Våren var her ein snartur før vinteren kom igjen, så siste par vekene har vi prøvd å førebu oss litt ute til våren, og vi har vore ute på akebrett:) Det er tydeleg at vi har hatt byggevirksomhet her sidan juni, så det var godt å få vekk litt. Pappa og Håkon har køyrt mange lass med rot og skrot siste vekene. Mamma har vore i praksis, pappa har vore på arbeid og komt heim, Marthe har vore så vidt bort i spysjuka og Håkon har vore på ferie i Ålesund.
No har våren kome til Sunnmøre for fullt ser det ut for, og vi nyt dagane ute. Påskeferien står for tur, og vi har mykje planar både store og små, og gled oss til å vere saman med gode venar:)


Plastelina-leik før barnehagen:)


Håkon og Marthe hjelper til å rydde ute på tomta.




Håkon på ferie i Ålesund med tante Eva. Her er dei med tante Marianne og Ingrid på tur i fjøra.



Håkon har vorte stor gut, men er ikkje for stor til badestampen til tante.



I dag var Magnus med heim frå barnehagen. I går var det Lea som fekk vere med. Kjekt for Håkon og Marthe å få med kompisar og veninner med heim.



Marthe er klar for vårsola med siste skrik innanfor solbrille-mota.


Tante Eli kom ein snartur før påske. Skulle gjerne sett ho litt meir, men vi får ta det igjen til sommaren. Kjekt var det i allefall!


Håkon og mamma har planta påskeliljer i dag. Marthe åt ananas på trappa i staden.

1 kommentar:

Anne-Lise og Daniel sa...

Kjekt å sjå litt bilder fra dokke :) Daniel sitt å ser ilag me mej å prata om dokke. Synd vi ikkje visst Håkon va på ferie i Ålesund da, skulle oss ha spurt om han kunne komt en liten tur på besøk :)Håpe oss kan treffast igjen snart!