onsdag 29. april 2009

Onsdag

I dag har tante Eva, Runa, Maria og Ingrid vore på middag hos oss. Ettermiddagen har vi vore ute og kost oss store og små. Kjekt!




Maria koste seg ute på verandaen.

Barnedåp

Søndag vart Emma døypt i Borgund Kyrkje. Pappa var fadder, men var diverre på jobb. Vi andre tok turen for å feire dagen saman med dåpsbornet.


Håkon og Marthe utanfor kyrkja.


Marthe var ikkje heilt i form og kvilte under gudstenesta.






Stolt storesyster og fadder.



Ungane i kjekke leik:)



lørdag 25. april 2009

Siste veka...

....har vore hektisk, men kjekk!! Marthe har vore på overnatting i dalen og fekk seg ein fridag saman med farmor og farfar. Håkon tok same vrien tysdag, men då med mormor og morfar. Han måtte hjelpe morfar med å tømme hengaren for rusk og rask, og då nytta han sjansen til å vere att på Sandnes. Onsdag tok han fri frå barnehagen og hjalp morfar, før dei to og mormor tok turen til fjells. Samme ettermiddag kom tante Paula på besøk, og på kvelden kom Synnøve ein tur. Håkon var glad han fekk vere oppe og treffe ho, og Synnøve måtte legge han den kvelden. Stas med fadderbesøk.
Torsdag fekk Lea vere med Håkon og Marthe heim etter barnehagen, og Inger og Ronja kom på middag. Seinare var vi på besøk med Runa, der vi fekk helse på Synnøve, Herman og Camillo og.
Fredag tok vi fri alle mann. Synnøve og gutane kom på besøk og vi hadde ein kjekk dag saman. Camillo var ikkje heilt i form stakkars, han hadde vorte smitta av Herman og var full i vannkoppar, så no ventar vi på dei her i huset om ein fjorten dagars tid;)
Fredag ettermiddag ringte Inger og inviterte på pizza, så då slapp vi å lage middag, hurra! ;) Håkon og Lea kosa seg ute og leikar alltid godt i lag. Kjekt å vere på besøk på Myklebust.
I dag har Marthe og mamma laga kake og gjort klart til dåp i morgon. Håkon har vore på besøk med Magnus og kost seg der. Ettermiddagen har vi vore å besøkt oldeforeldra på Sandnes. Håkon og Marthe kosa seg ute, og dei vaksne slappa av med kaffi på trappa. Ei hektisk, men kjekk veke saman med gode venar og familie, og vi er enno ikkje komen til søndag;)
Det er godt med vår, sol og opplett. Både Håkon og Marthe er glad i å vere ute, og Håkon hadde nok vore ute 24 timar i døgnet om det hadde vore eit alternativ. I dag inntok han frokosten på naboen sin plen, han kunne ikkje gå glipp av å sjå på at naboen klipte plenen. Marthe måtte naturlegvis dilte etter;)
Marthe har vorte flink å sove på natta, og vi kryssar fingrane for at det held seg slik framover. Bleieslutten går strålande og ho er kjempeflink å sei frå når ho må på do. Ingen tenner på vei for øyeblikket, noko mor er glad for, og det har nok ein samanheng at ho søv så godt på natta for tida.
I morgon skal Emma døypast, pappa skal vere fadder, men er diverre ikkje heime. Vi andre gled oss til tur til Ålesund og dåpsfest:)

Bileta frå hytteturen er litt små...

Håkon hjelper morfar å rygge klipparen på hengar.


Mormor og Håkon på veg til hytta, må ha ei lita kvild før ein går vidare.








Ein kjekk liten indianar på hytta:)


Herman, Synnøve og Marthe.


Vafler til lunsj


Herman-gull.


Håkon og Camillo ser film. To kjekke karar!

tirsdag 21. april 2009

Litt oppdatering

Dårleg med oppdatering for tida, men dagane vert tilbrakt ute frå morgon til kveld. Håkon er i sitt ess når han får styre ute, og Marthe diltar etter der broren måtte finne det for godt å vere.


Søndag hadde vi besøk av Hege og Isak. Kosa oss heile dagen saman og vi gled oss til neste gong dei kjem på besøk.



Marthe med mamma si gamle dukkevogn.






Julie, Viktoria, Mariann og Kristoffer var på besøk i påska:)


Bestevenar








lørdag 11. april 2009

Påskeegg-jakt

I dag inviterte Therese, Jan Olav, Helene og Peter til påskeegg-jakt med grilling og kos saman med gode vener. Ingrid kom til Syvde på påskeferie i går og ho fekk naturlegvis og vere med:) I tillegg var Klara, Oline og Didrik der, pluss alle foreldre.
Ein kjekk dag for store og små.


Onkel Runar tok trillebåra som framkomstmiddel.





Marthe-gull - litt sliten og måtte kvile seg før grilling og jakt. Då var eit tre godt å lene seg til.


Håkon og Peter finn alltid tonen med ein gong, og det tek ikkje mange minutta før dei har kome seg til hytta i skogen. Eit paradis for aktive og nysgjerrige gutar:)



Bål og pølser er alltid populært både for store og små:)


Stine, Oline, Håkon og Marthe slappar av i sola med brus og pølser.


Så var jakta på påskeegg i gong! Marthe fann fort sitt fyrste egg, og endte til slutt opp med tre egg. Håkon fann fem-seks egg, men var snill og ga eit til Marthe. God storebror<3




Så var alle egga funne, og ein kunne kose seg med innhaldet:)


Håkon-vennen<3

torsdag 9. april 2009

Påska hittil

Det er godt med påskeferie for både store og små:) Laurdag var det marknadsdag på Sandvikgarden og mamma og Inger pakka alle fire ungane i ein bil og tok turen. Vi fekk lokka med oss Jenny, Petter, Sara, Agnes og Knut-Roger og, så vi vart ein bra flokk:) Ein kjekk dag heilt til vi vart fulle av måling etter traktorturen, og Ronja datt av hesten, då kjende mammaane at nok var nok og vi reiste heim.




Håkon i traktortilhengar (som viste seg å vere nymåla...Smart!!)



Lea-gull
Søndag til reiste mamma og pappa til Ålesund for å besøke Alf-Petter, Kari Anne og Emma. Marthe var på besøk med tante Eva og Håkon var i dalen med farmor og farfar. Tysdag tok karane turen til fjells medan mamma og Marthe var heime og baka kaker. Vi besøkte oldemor og oldefar og. Onsdag kom Maria på besøk og vi kosa oss heime. Håkon og pappa kom heim frå fjellet.

I dag har pappa fødselsdag! Marthe og Håkon overraska på senga med gåver, og medan pappa fekk sove litt lenger i dag, laga vi krune til han. Ingen feiring utan krune var både Marthe og Håkon enige om, og begge passa på at pappa brukte den heile dagen.
Farmor, farfar og tante Eva kom på middag og kaffi. Etterkvart kom mormor og morfar heim frå påskeferie og tok turen innom og, og til slutt fekk vi besøk av Mariann, Harald, Hedda og Martine.

Syng bursdagssongen til pappa før vi koste oss med lammelår.


Kakemonster I og Kakemonster II

Etter kaker og kaffi skulle mamma ut med søppelet og jammen såg ho påskeharen hoppe i full fart oppover mot skogen. Dermed måtte vi ut å jakte etter påskeegg og gevinst vart det for begge to!

Og dermed var kveldsmaten redda;)




fredag 3. april 2009

Litt bilder frå siste tida

Det har vore dårleg med oppdatering siste tida, men vi har styrt med mykje likevel. Våren var her ein snartur før vinteren kom igjen, så siste par vekene har vi prøvd å førebu oss litt ute til våren, og vi har vore ute på akebrett:) Det er tydeleg at vi har hatt byggevirksomhet her sidan juni, så det var godt å få vekk litt. Pappa og Håkon har køyrt mange lass med rot og skrot siste vekene. Mamma har vore i praksis, pappa har vore på arbeid og komt heim, Marthe har vore så vidt bort i spysjuka og Håkon har vore på ferie i Ålesund.
No har våren kome til Sunnmøre for fullt ser det ut for, og vi nyt dagane ute. Påskeferien står for tur, og vi har mykje planar både store og små, og gled oss til å vere saman med gode venar:)


Plastelina-leik før barnehagen:)


Håkon og Marthe hjelper til å rydde ute på tomta.




Håkon på ferie i Ålesund med tante Eva. Her er dei med tante Marianne og Ingrid på tur i fjøra.



Håkon har vorte stor gut, men er ikkje for stor til badestampen til tante.



I dag var Magnus med heim frå barnehagen. I går var det Lea som fekk vere med. Kjekt for Håkon og Marthe å få med kompisar og veninner med heim.



Marthe er klar for vårsola med siste skrik innanfor solbrille-mota.


Tante Eli kom ein snartur før påske. Skulle gjerne sett ho litt meir, men vi får ta det igjen til sommaren. Kjekt var det i allefall!


Håkon og mamma har planta påskeliljer i dag. Marthe åt ananas på trappa i staden.