lørdag 7. mars 2009

Lørdag

Sykkelen som Håkon fekk til fødselsdagen sin har vore lite brukt, ein kan vel egentleg sei ikkje brukt i det heile tatt. Guten kom aldri over at han ikkje fekk seg grøn sykkel som han ønskte seg, men morfar har dreve propaganda heile vinteren om at både morfar og Håkon har blå sykkel, og at det er det tøffaste ein kan ha. I dag var sola framme på føremiddagen og når mamma foreslo sykkel/trilletur kunne Håkon fortelle at han "ælska blå sykla!" Det tok litt over fem mnd å akseptere fargen, men no ser det ut som den er godkjend.

Håkon imponerte med sykkelferdighetene og sykla eit godt stykke før han heller ville sitte i vogna. Eit lite fall stoppa heller ikkje karen, sykkelen fekk eit par gloser etter seg, før han kleiv tilbake på setet og trakka i veg. Etter ein trilletur på butikkane, ville Håkon nedom til onkel Ivar. I tankane hadde han nok ein liten truck-tur, og det vart det og;)








Søskenkos i søskenvogna:)





I ettermiddag kom tante Eli på besøk, men då ville ikkje ungane vere med på bilete:( Men tante er populær, noko bilete frå i sommar syner. Synd ho bur så langt vekke:(




Inger, Frank Robert og jentene har og vore på besøk i ettermiddag, vi laga pizza, fire små til ungane og ein stor til dei vaksne.









1 kommentar:

Anonym sa...

For en tøffing og for en stilig sykkel! - blå sykkel e no det tøffaste i verda! Såg ut som dokke hadde en veldig kjekke lørdag!