Håkon imponerte med sykkelferdighetene og sykla eit godt stykke før han heller ville sitte i vogna. Eit lite fall stoppa heller ikkje karen, sykkelen fekk eit par gloser etter seg, før han kleiv tilbake på setet og trakka i veg. Etter ein trilletur på butikkane, ville Håkon nedom til onkel Ivar. I tankane hadde han nok ein liten truck-tur, og det vart det og;)
Søskenkos i søskenvogna:)
I ettermiddag kom tante Eli på besøk, men då ville ikkje ungane vere med på bilete:( Men tante er populær, noko bilete frå i sommar syner. Synd ho bur så langt vekke:(

Inger, Frank Robert og jentene har og vore på besøk i ettermiddag, vi laga pizza, fire små til ungane og ein stor til dei vaksne.
1 kommentar:
For en tøffing og for en stilig sykkel! - blå sykkel e no det tøffaste i verda! Såg ut som dokke hadde en veldig kjekke lørdag!
Legg inn en kommentar