Dårleg med oppdatering for tida, men det har ikkje vorte tatt så mykje bilete i det siste helder. Her er eit lite knippe av dei:

Oldemor hadde bursdag i jula og vi feira med kaker og pakke.

Mamma passa Lea og Ronja ein laurdag. Ingrid, Runa og lillesøster kom på besøk og, kjekt med babybesøk!

To små lure venniner!

Alle fekk halde baby, kjempespennande med ny venn.

Plutseleg var det stilt i huset, og vi fann fort ut kvifor: Under bordet satt tre småtroll med sukkerskåla og såg lure ut.

1 kommentar:
kor nusk ho lisje-ingrid va:)vart ej nesten litt babysjuk her..
Legg inn en kommentar