Fredag var han og heime frå barnehagen, hosta mykje endå, men ingen feber heldigvis. Vi kosa oss heime; baka brød, laga kjøttkake, vaska hus og hade besøk av Inger, Ingrid og Maria.
No har Marthe vorte sjuk, ho sei til og med sjølv at ho er sjuk. Ho har sove masse, men har ingen feber, hostar stygt og er slapp. I går morgon starta vi med astmamedisin til ho, tek ingen sjansar no sidan mamma skal ha eksamen snart. I tillegg er det ein del tenner på vei, to store klumpar der jekslane skal kome og endå ei hjørnetann er på vei, så ho kjenner nok det godt.
Maria er på besøk i helga, ho skal passe småtrolla så mamma får lese til eksamen. Stas å få Maria på besøk, alltid ein favoritt!
Håkon hjelper mamma med helgevasken.
Barne-Tv-kos med potetskruar til frokost. Er man sjuk, så er man sjuk;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar