fredag 1. januar 2010

Nyttår 2009

Nyttårsafta vart feira stille og roleg heime i Norvika. I år droppa vi pinnekjøttet og laga kalkun i staden for:) Mamma laga kalkun for fyrste gong, og den vart godkjent av alle tre! Resten av kvelden kosa vi oss med dessert, pepperkakehus, godteri og film. Både Marthe og Håkon var fast bestemt på å vere oppe heilt til midnatt og sånn vart det:) Det holdt hardt siste timen, og kl 2330 måtte vi gå ta turen ut i frisk luft.
Håkon var i ekstase over alt fyrverkeriet, og visste knapt kva vei han skulle sjå ei stund. Jon kom og skaut opp fyrverkeriet som mamma hadde kjøpt. Marthe var rett og slett så trøtt at ho måtte ha ei vogn å sitte i. Der sovna ho kl 00.02 og sov til kl 10.00.

Litt stjerneskudd etter middagen:)


Kjekt og spennandes!








Klokka nærmar seg midnatt og Håkon er spent på fyrverkeriet


Marthe er så trøtt at ho knapt klarar å løfte hovudet






Og der var nyttårsafta over for Marthe sin del. Trass i at det smalt frå alle kantar, så sovna i vogna:)

3 kommentarer:

pappa sa...

ser ut so dokke hadde ei flott nyttårsfering:)neste år får rj heldigvis vere heime

Kristin sa...

Utrulig at dei klarte å holde seg oppe!:) Kjekt med raketta! Dei e no so søte dissa to, og so gode med kvarandre!

Riktig godt nytt år!!

Monika sa...

Høres ut som at dere hadde en fin nyttårsaften. Er imponert over barna som klarte å holde seg våkne.