Tysdag gikk turen til Vimmerby der Pippi og Emil var dei største øyeblikka. Store og små storkosa seg i strålande vèr fyrste dagen. Vi rakk ikkje over alt i parken, men tok alt i ungane sitt tempo, masse kjekt som skjedde overalt i dei forskjellige Lindgren figurane sine hus, samstundes som der var kjekke leikeplassar som ungane kunne boltre seg på. Perfekt tidspunkt vi var på besøk og, akkurat passe med folk og ingen kø same kva ein skulle kjøpe. Planen var å vere to dagar i Astrid Lindgrens verden, men sidan himmelen åpna seg andre dagen, sette vi oss i bilen med kurs for Ørebro i staden for. Regn eller ikkje regn, ungane var storfornøgd likevel og vi tek nok turen tilbake ein annan gong.
Bilda kjem litt hulter til bulter, men vi er på ferie så det får verte slik denne gong;)
Sølvi leikar dommar i Kling og Klang sitt politihus.
Alle vart dømt til ein lang og lykkeleg barndom, og turen endte i fengsel til alle sin store fornøyelse;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar