lørdag 30. mai 2009

Kostarrikjet

I helga er det Kostarrikjedagar i Syvde og vi har hatt ein kjekk dag i sola saman med gode vener. Vi starta turen med ein tur på gravene til onkel og oldefar, før vi møtte Inger, Lea, Ronja og Sara for å male i Leiten-galleriet.


Håkon ville ikkje male, men Marthe fekk signert eit kunstverk som skal stillast ut i morgon.




Onkel Ivar var der med brannbilen, her er det Lea som får prøve brannslangen.



Håkon fekk ta turen med helikopteret saman med Maria, Lea, Inger, Silje og Isak. Det kjekkaste på heile dagen i fylgje han sjølv, og vi trur han så gjerne. Trur guten lever lenge på den turen.




Marthe fekk kvile på skuldrane til Sara


Håkon og Marthe var modellar i dag, Marthe var trøtt og møyd av varmen og var ikkje så villig til å gå, men når ho fekk lov å gå saman med broren ville ho gå likevel. Søtinga!



Etterkvart tok vi turen heim, Sara, Inger, Lea og Ronja tok fylgje og vi kosa oss med grillmat og is. Kjekt!


Veldig varmt i Syvde i dag så vi kasta kleda når vi kom heim. Godt!




Vi avslutta dagen med å køyre Maria på fest, før vi fekk Ingrid og onkel på besøk. Ungane fekk ta seg eit bad før legging.




Marthe elskar å dusje seg!


Håkon og Ingrid et grillrestar før legging.

5 kommentarer:

pappa sa...

Ser ej he gått glipp ta en kjempekjekke dag igjen..kjekt dokke kosa dokke:)

Alena sa...

Så kjekk dag!!!

Anonym sa...

Så hærlig bilde av marthe som dusjer!:)
Hørtes ut som en knall dag!

Mariann sa...

fin og innholdsrik dag da:) flinke og fine unga!

Silje sa...

Fine bilde!! Trur jammen kidsa våra he hatt ei fin helg!!:)