I år fekk pappa sin fyrste 17.mai saman med Marthe og Håkon (på tide). Håkon var flaggmester med litt assistanse frå pappa, vi gjekk i tog og kosa oss med is, brus, pølser og leikar.
Marthe hadde sunnfjordbunad i år, mormor laga den i fjor, men i år måtte mormor sy lengre skjørt på den. Håkon derimot hadde eit gamalt antrekk. I år som i fjor hadde han på seg matrosdressen etter onkel Knut-Jarle, og han var ein stolt og staseleg kar i raudt.

Håkon klar for flaggheising

Marthe fylgjer nøye med flaggheisinga.

Jammen fekk han flagget heilt til toppen!

Mamma og pappa sine hjerte pynta og klar for fest!

Ein tur innom grava før toget skulle gå.

Farmor og farmor si jente

Alle oldeforeldra, mormor, morfar, pappa og småtrolla. Berre mamma som manglar, men ho sto bak kamera.

Oldefar, oldemor og oldemor, Håkon og Marthe.

Flinke å gå sjølv i toget.

Fyrste isen

Håkon i potetløp

Mormor og Marthe i like bunadar. Mormor har sydd bunad til Marthe.

Håkon kastar erteposar.
4 kommentarer:
Så kjekt å se bilder fra deres dag...
Skjønne barn!
Så koselige bilder!
De er jo helt utrolig fine begge to!<3
So fine dei var!!:) Og jammen på tide at pappsen fikk vere med å feire!
kor monge kjekke bilde:)
Legg inn en kommentar