Marthe måtte ha med dukkevogna si.
torsdag 19. mars 2009
Fjellveien
Middagen i dag laga vi i fjellveien, pølser og brød grilla på bål. Farmor og farfar kom med kaffi etterpå:)

Marthe måtte ha med dukkevogna si.

Marthe måtte ha med dukkevogna si.
Onsdag
tirsdag 17. mars 2009
Bonde for ein dag.
Sara og Knut Jørgen fekk ny levering med grisungar i går, og i dag tok vi turen for å helse på dei. Håkon og Marthe gleda seg til å få sjå både oksar, grisar, hundar og hane på ein og same gong.

Håkon fann seg ein traktor og var ikkje sein om å sette seg på den.

Nesten alle innom gjerdet for å fore...

...mamma og Marthe sto trygt på utsida og såg på.
Håkon fann seg ein traktor og var ikkje sein om å sette seg på den.
Nesten alle innom gjerdet for å fore...
...mamma og Marthe sto trygt på utsida og såg på.
søndag 15. mars 2009
Ute-søndag
Selje
Laurdag tok vi turen til Selje for å besøke tante Paula, onkel Jarle og Jan Kristian. Det var strålandes vårvèr og både Håkon og Marthe var mykje ute og kosa seg. Til middag fekk vi god graut, og etterpå tok vi turen på Nabben og handla. Håkon sykla heile vegen!
Ettermiddagen kosa vi oss med kaker og kaffi, før vi tok fatt på turen heim.
Ein kjekk dag!

Marthe fekk låne Jan Kristian sine gamle puslespel

Håkon fann som vanleg eit kvart å arbeide med ute

På veg til Nabben

tirsdag 10. mars 2009
Arbeidskar
Mandag skulle morfar vede, og Håkon ville vere med å arbeide. Marthe tok heller turen til oldemor, men fyrst ville ho plukke blomar for å ta med. Vi tok turen til gamle-hagen for å plukke blomar der, sjølv om det merkeleg nok er lov for oldeborn å plukke i oldemor sin hage. Det var ikkje sånn den tid mamma vaks opp, men det er visst andre reglar for oldeborna enn for borneborna ;)
Når Håkon er med morfar for å arbeide, får han lov til å styre traktoren litt sjølv.
Medan morfar lesser av, leikar Håkon at køyrer heilt åleine.
søndag 8. mars 2009
Peter 4 år
lørdag 7. mars 2009
Lørdag
Sykkelen som Håkon fekk til fødselsdagen sin har vore lite brukt, ein kan vel egentleg sei ikkje brukt i det heile tatt. Guten kom aldri over at han ikkje fekk seg grøn sykkel som han ønskte seg, men morfar har dreve propaganda heile vinteren om at både morfar og Håkon har blå sykkel, og at det er det tøffaste ein kan ha. I dag var sola framme på føremiddagen og når mamma foreslo sykkel/trilletur kunne Håkon fortelle at han "ælska blå sykla!" Det tok litt over fem mnd å akseptere fargen, men no ser det ut som den er godkjend.
Håkon imponerte med sykkelferdighetene og sykla eit godt stykke før han heller ville sitte i vogna. Eit lite fall stoppa heller ikkje karen, sykkelen fekk eit par gloser etter seg, før han kleiv tilbake på setet og trakka i veg. Etter ein trilletur på butikkane, ville Håkon nedom til onkel Ivar. I tankane hadde han nok ein liten truck-tur, og det vart det og;)

Søskenkos i søskenvogna:)

I ettermiddag kom tante Eli på besøk, men då ville ikkje ungane vere med på bilete:( Men tante er populær, noko bilete frå i sommar syner. Synd ho bur så langt vekke:(

Inger, Frank Robert og jentene har og vore på besøk i ettermiddag, vi laga pizza, fire små til ungane og ein stor til dei vaksne.

fredag 6. mars 2009
Kreativ start på helga.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)