søndag 25. januar 2009
Overnattingsbesøk
Håkon har overnattingsbesøk av søstra si i natt. Ho ville gjerne sove i skuffa og Håkon syns det var ein god idè. Mamma las nattahistorie og etterpå la dei seg fint til å sove. Goingane!
Søndag
lørdag 24. januar 2009
Sjukdom
Vi har faktisk ikkje vore sjuk sidan før jul, men natt til torsdag byrja Håkon å hoste stygt. Det hørtes ut som krupp-hoste, men han hadde ikkje falsk-krupp-pust. Torsdag fekk han være med mamma på skulen. Han fekk med seg skulesekk, skulemat og penal, og gjorde lekse heile tida medan mamma hadde time. Stor flink skulegut!
Fredag var han og heime frå barnehagen, hosta mykje endå, men ingen feber heldigvis. Vi kosa oss heime; baka brød, laga kjøttkake, vaska hus og hade besøk av Inger, Ingrid og Maria.
No har Marthe vorte sjuk, ho sei til og med sjølv at ho er sjuk. Ho har sove masse, men har ingen feber, hostar stygt og er slapp. I går morgon starta vi med astmamedisin til ho, tek ingen sjansar no sidan mamma skal ha eksamen snart. I tillegg er det ein del tenner på vei, to store klumpar der jekslane skal kome og endå ei hjørnetann er på vei, så ho kjenner nok det godt.
Maria er på besøk i helga, ho skal passe småtrolla så mamma får lese til eksamen. Stas å få Maria på besøk, alltid ein favoritt!
Håkon hjelper mamma med helgevasken.

Barne-Tv-kos med potetskruar til frokost. Er man sjuk, så er man sjuk;)

Abonner på:
Kommentarer (Atom)