søndag 8. november 2009

Svineri, omgangs og farsdag.

Då har vi mest truleg fått svineriet i hus. Håkon kom heim frå barnehagen torsdag med høg feber, kasta opp eit par gongar i løpet av natta og klaga over vondt i magen og beina. Fredag ettermiddag var vi til doktor og der vart han testa for svineinfluensa. Vi får ikkje svar før i neste veke, men doktoren var ganske så sikker på at det var svineriet.
Marthe er vaksinert, men det gikk berre tre dagar frå ho vart vaksinert til Håkon vart sjuk, så heilt immun er ho ikkje. Vi kryssar fingrane for at ho sleppe unna denne gongen.
Pappa og mamma har hatt omgangssjuke siste døgnet, så farsdagsfeiringa vart minimal. Pakkar på senga i dag tidleg som vart åpna mellom slaga. Vi har derfor heller ingen bilete frå årets farsdag av omsyn til dei involverte;) Vi får heller ha dobbelt så mykje bilete neste farsdag!

Håkon er på bedringens vei, men må halde seg heime heile neste veke. Det kan verte ei utfordring for både store og små, han taklar jo knapt å vere inne ein heil dag. Besøk kan i heller ikkje ta i mot, så ein lyt vel spe på med nye puslespel og anna i løpet av veka for variasjonen sin del.

tirsdag 27. oktober 2009

Kroppsmaling

Kroppsmaling er ei kunstform som i fylgje Håkon har fått altfor lite merksemd, og han har utnemnt seg sjølv som talsmann for denne kunstarten.

lørdag 24. oktober 2009

Barnedåp Eirik, 18.09.10

Forrige helg var vi i barnedåp til Eirik. Dagen starta ikkje heilt som planlagt, Marthe vart bilsjuk på vei til Langevåg, så mamma og ho tok ein tur innom Fiskerstranda, medan dei andre var i kyrkja. Der fekk vi vaska både jente og bunad, hårfønar og varmepumpe fungerte som tørketrommel, og etter vel ein time jenta klar for barnedåp og fest!
Dårleg med bilete frå kyrkja med andre ord, men guten vart døypt og det er det viktigaste:)


Blek, men fattet. Ser på Lotta medan bunaden er til tørk.



Ein vert sleten av å vere bilsjuk, godt å få seg ei kvild før middag.


Stas med stettglas, mamma og pappa sine to gull. Marthe har bunad frå Sunnfjord som mormor har sydd, Håkon har på seg matrosdressen etter onkel Knut Jarle.


To gode vener og syskenborn



Eirik har vakna, spennande for både stor og liten å følgje med på når han vert påkledd



Dåpsbornet



Onkel Frode og fadderbornet



Håkon under flygelet og puslar.

mandag 12. oktober 2009

Hege og Isak

I helga har vi hatt besøk av Hege og Isak. Vi har kosa oss inne og ute, både store og små. Spesielt Marthe og Isak fann tonen, Håkon syntes kanskje det vart litt kjedeleg å leike med småttisane, og var glad for besøk av Petter på laurdag.
Søndag ettermiddag var vi på besøk hjå oldemor og tante Britt, hadde med oss kake og kosa oss der.
Super helg med supre folk!


Marthe og Isak turnar på stova.




Pizzabakarar:)


Kjærestepar


Kosesøndag, frokost og Barne-Tv


Isak og Marthe leikar med pusen.


Isak-gull


Håkon arbeidar som vanleg

tirsdag 6. oktober 2009

Trondheim

Torsdag reiste mamma, Håkon og Marthe til Trondheim for å besøke Mariann, Kristoffer, Viktoria, Julie og Markus. Med verdas beste born i baksete fekk mamma kjøre meir eller mindre i ett strekk og turen vart ikkje så altfor lang.

Fredag besøkte vi Elisabeth, Ulrik og Rasmus, kjekt å treffe dei att, det er eit heilt år sidan sist. Resten av helga har vi ikkje gjort så mykje, ein tur på Solsiden laurdag for å treffe Knerten og ein liten tur innom Ikea. Søndag åt vi lunsj i tyholttårnet og ellers har vi berre kosa oss i lag store og små. Ei super helg!


Sjørøverkaptein Ulrik!
På besøk hjå familien Tandstad

Sist vi var på besøk var ikkje Rasmus fødd, kjekt å treffe han! Marthe syntes det var stas med ein liten bror:)



Goding



Sjørøverkaptein Håkon


Godaste gullet søve godt

Knerten

Marthe og Håkon lagar sin egen Knerten.

Marthe og Knerten

To fine rosa kattepusa

Og ein søt, men naturlegvis tøff og skummel tiger
Marthe , Markus og Håkon
Barne -Tv-kos om morgonen

Med mamma i dusjen fekk ungane lurt til seg ein is etter frokost;) Luksus!


Godaste gull

Lunsj i Tyholttårnet


Viktoria og Håkon teiknar

søndag 16. august 2009

Kredefiske på sætra

Laurdag var det duka for kredefiske på sætra, og det ville vi ha med oss. Med regnkle frå topp til tå var vi alle klare for å vere med på å drage nota, ete krede og kose oss saman mellom regnbygene.


Kokekaffi heldt varmen i oss:)




Håkon venter spent på at nota skal dragast på land.


Sterke karar måtte til for å få nota på land.


Andre nøyde seg med å sjå på;)





Håkon passar på at pappa får nota på land

Mange som trossa regnet og møtte opp.

Spente på om der er fisk i nota


4xSchips


Mykje fisk i nota


Sløying av all fisken





Tante Dagrun sto for kaffien


Bonnie, Inger, Wenche, Ronja, Lea og May


Marthe kosar seg med nystekt krede

lørdag 15. august 2009

Leikeland og Eirik

Torsdag 6.august fekk Marthe og Håkon eit nytt søskenbarn. Lille Eirik er barnebarn nr fire til farmor og farfar. Denne veka var vi på Fiskarstranda for å treffe han. Først tok vi turen til Leikeland, Ingrid fikk vere med oss, så fekk dei tre eldste søskenbarna leike seg i lag.

Håkon i farta


Ingrid blid og glad






Marthe kosar seg på Leikaland









Pannekake med store mengder sukker på til lunsj


Og is til dessert:)



Marthe lagar middag




Kong Håkon

Og prinsesse Ingrid


Sjølvbygd bil




Pappa leikar og


Lille Eirik-gull


Babykos