Jula i år feirar vi heime med oss sjølve. Pappa skulle egentleg vere på båten, men sidan dei ligg på verkstad i Ulsteinvik fekk han kome heim julekvelden. Vi hadde ein koseleg julekveld med god mat og mange pakkar. Nissen kom ikkje i år, han var her natt til julafta i staden for, sidan Marthe er så redd han. Ho har i det siste vakna mykje på natta, og sei sjølv ho er redd for nissen så då vart det sånn i år. Kanskje kjem han neste år heller.
1.juledag reiste vi på besøk til pappa i Ulsteinvik. Der åt vi julelunsj og kosa oss. Ungane fekk gå i kinorommet og sjå film på storskjerm og det var stor stas.
Pyntar juletre lille julafta
Litt panikk for å stikke seg på treet;)
Julie, Marthe, Petter og Håkon ser Disney juleklassikera og et pepperkaker på julafta.
Så flinke dei e å hjelpe til, som alltid! Det va vel stas å pynte juletre og sikkert spennande å sjå på alle julepresangane som låg der og venta på å bli pakka opp av små barnehender....Og så fine dei va der dei står framfor juletreet!
4 kommentarer:
kor fine dei va i finstasen:)
Så flinke dei e å hjelpe til, som alltid! Det va vel stas å pynte juletre og sikkert spennande å sjå på alle julepresangane som låg der og venta på å bli pakka opp av små barnehender....Og så fine dei va der dei står framfor juletreet!
Så nydelige barn!!!
Savner oppdateringer jeg ;)
Legg inn en kommentar