Søndag sov Marthe heile dagen, ikkje fekk ho seg vått eller tort og ikkje hadde ho tissa, så til slutt tok vi kontakt med doktor. Vi vart sende til Ålesund for observasjon og meir prøvetaking. Vi er fortsatt på sjukehuset, her har ho fått konstantert virus på lungene. Feberen går opp og ned, og hosten plagar ho ein del, men ho er flink pasient og let doktorane og pleiarane undersøke ho og medisinere sånn som dei skal. I går ut på dagen vart ho i dårlegare form og doktoren frykta for lungebetennelse etter lydane på lungene å døme, men prøvene frå i dag viser at ho ikkje har det, heldigvis!!
Sidan søndag har ho fått inhalasjon annankvar time, men frå og med i dag har ho fått kvar tredje/fjerde time noko som ser ut til å fungere godt. I går kveld fekk ho lagt inn sonde for å unngå uttørring, diverre drikk ho endå ikkje noko særleg:( Ho sleit litt med å akseptere sonden, men utover kvelden/natta slo ho seg til ro med den.
Håkon er i dalen, men i morgon reiser Frode heim til han. Usikkert når vi to andre kjem heim, det kjem mykje an på kva væskeinntaket.
tirsdag 25. november 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Offa.. stakkars lisjepia. Men no e dokke i gode hende. God bedring Marthemor.
Stakkars jente! Ønsker masse god bedring!!!
Mange gode klemmer!
Stakkars "klumpen". Suss og klem frå gamletanta...
Stakkar lita. Bra dere er i gode hender! Stor god-bedring-kos herfra
Legg inn en kommentar