tirsdag 27. oktober 2009

Kroppsmaling

Kroppsmaling er ei kunstform som i fylgje Håkon har fått altfor lite merksemd, og han har utnemnt seg sjølv som talsmann for denne kunstarten.

lørdag 24. oktober 2009

Barnedåp Eirik, 18.09.10

Forrige helg var vi i barnedåp til Eirik. Dagen starta ikkje heilt som planlagt, Marthe vart bilsjuk på vei til Langevåg, så mamma og ho tok ein tur innom Fiskerstranda, medan dei andre var i kyrkja. Der fekk vi vaska både jente og bunad, hårfønar og varmepumpe fungerte som tørketrommel, og etter vel ein time jenta klar for barnedåp og fest!
Dårleg med bilete frå kyrkja med andre ord, men guten vart døypt og det er det viktigaste:)


Blek, men fattet. Ser på Lotta medan bunaden er til tørk.



Ein vert sleten av å vere bilsjuk, godt å få seg ei kvild før middag.


Stas med stettglas, mamma og pappa sine to gull. Marthe har bunad frå Sunnfjord som mormor har sydd, Håkon har på seg matrosdressen etter onkel Knut Jarle.


To gode vener og syskenborn



Eirik har vakna, spennande for både stor og liten å følgje med på når han vert påkledd



Dåpsbornet



Onkel Frode og fadderbornet



Håkon under flygelet og puslar.

mandag 12. oktober 2009

Hege og Isak

I helga har vi hatt besøk av Hege og Isak. Vi har kosa oss inne og ute, både store og små. Spesielt Marthe og Isak fann tonen, Håkon syntes kanskje det vart litt kjedeleg å leike med småttisane, og var glad for besøk av Petter på laurdag.
Søndag ettermiddag var vi på besøk hjå oldemor og tante Britt, hadde med oss kake og kosa oss der.
Super helg med supre folk!


Marthe og Isak turnar på stova.




Pizzabakarar:)


Kjærestepar


Kosesøndag, frokost og Barne-Tv


Isak og Marthe leikar med pusen.


Isak-gull


Håkon arbeidar som vanleg

tirsdag 6. oktober 2009

Trondheim

Torsdag reiste mamma, Håkon og Marthe til Trondheim for å besøke Mariann, Kristoffer, Viktoria, Julie og Markus. Med verdas beste born i baksete fekk mamma kjøre meir eller mindre i ett strekk og turen vart ikkje så altfor lang.

Fredag besøkte vi Elisabeth, Ulrik og Rasmus, kjekt å treffe dei att, det er eit heilt år sidan sist. Resten av helga har vi ikkje gjort så mykje, ein tur på Solsiden laurdag for å treffe Knerten og ein liten tur innom Ikea. Søndag åt vi lunsj i tyholttårnet og ellers har vi berre kosa oss i lag store og små. Ei super helg!


Sjørøverkaptein Ulrik!
På besøk hjå familien Tandstad

Sist vi var på besøk var ikkje Rasmus fødd, kjekt å treffe han! Marthe syntes det var stas med ein liten bror:)



Goding



Sjørøverkaptein Håkon


Godaste gullet søve godt

Knerten

Marthe og Håkon lagar sin egen Knerten.

Marthe og Knerten

To fine rosa kattepusa

Og ein søt, men naturlegvis tøff og skummel tiger
Marthe , Markus og Håkon
Barne -Tv-kos om morgonen

Med mamma i dusjen fekk ungane lurt til seg ein is etter frokost;) Luksus!


Godaste gull

Lunsj i Tyholttårnet


Viktoria og Håkon teiknar