lørdag 18. juli 2009

Geilo

Medan pappa er på arbeid har vi nytta høve til å ta ein ekstra ferietur. Forrige fredag reiste vi til Geilo, der har vi kost oss saman med Andrè og Vikki. Vi har og vore på Langedrag, bada på hotellet til onkel og vore på Leikeland. Med oss i bagasjen hadde vi nærast eit heilt apotek, og tok dagleg turen innom Geilo Legesenter for at Marthe skulle få medisinen sin.


Marthe kosar seg med is på ferja.


Håkon fangar insekt og småkryp i hagen til Vikki.


Godt å treffe Vikki igjen, eit tøft år for ho og familien, men no går det heldigvis bra!!


Marthe kosar seg hjå Vikki og Andrè.


Morsom leik, ha buksene på hovudet og le til krampa tek deg;)


Sparkesykkel-gutta. Håkon sin vart ødelagt så han måtte låne Marthe sin.


Langedrag. Håkon noko skeptisk, men vil gjerne gå nærast mogleg likevel.


Pølsepause


Håkon fekk ri hest åleine, stolt kar då!


Vi fekk vere med å mate elg.


Håkon og Marthe ser på ulvane.





Håkon møtte på eit reinsdyr.


Marthe vart god ven med geitene.


Tok turen med hest og kjerre.


Håkon har funne ei humle på trampolina hjå onkel.


Ballbasseng på Leikeland






Håkon i farta.

Sykesøster Marthe

Marthe har etterkvart fått god trening i medisinering og undersøkelsar hos doktor og på sjukehus. Her er eit bilete frå forrige veke, medan ho ventar på at medisinen skal gå inn, tek ho ein nøye sjekk på sin eigen pasient.

mandag 6. juli 2009

Sjukehus igjen...

Marthe har ikkje vore i form dei siste vekene, uten at vi har klart å sette fingeren på kva som er gale. Torsdag kveld vart ho heilt lamma i heile høgre side, og ansiktet berre hang ned. Mamma og Marthe reiste på sjukehus, og fredag hadde lisjegullet ein tøff dag, mykje stikking i den vesle kroppen. Ho måtte gjennom spinalprøve for å få testa seg skikkeleg og resultata syner borelia etter eit flåttbet.
No er vi vel heime, har heimesjukepleia ein gong for dag som gir ho medisin intravanøst. Kuren varer i to veker og etter det håpar vi at jenta er frisk og slepp meir plager.
Her er nokre få bilete som er tatt etter vi kom heim, hevelsen er gått ned ein del og ho er ikkje så skeiv i andletet lenger.






Søskenkos

Slektstreff på Askrova

Siste helga i juni var vi på slekstreff på Askrova og her kjem eit knippe bilete frå helga.



Hedda og Håkon i fjøra.



Laurdag kveld, Håkon sovna under velkomstala og gikk dermed glipp av heile festen!






Marthe derimot heldt det gåande utover kvelden;)


Så nøgd ser vi ut når vi får vaniljesaus i stettglas til frokost. Asbjørn syntes i allefall det var kjekt på slektstreff;)


Espen, yngste deltaker.


To gull: kjiiiiiiiis


Garden mormor vaks opp på, ikkje i så god stand lenger diverre.




Oldemor fortel frå den tida ho budde på Gardvoll.






Ventar på båten tilbake til Florø.




Marthe kastar smokkane sine til babyhaien.