søndag 31. mai 2009

Kostarrikjet, bading, Sandnes og grilling:)

Det er fortsatt Kostarrikjedagar og i dag rakk vi fellesfrukosten. Mykje folk og god mat, ein god start på dagen. Etter frukosten gjekk vi ei runde i Syvde før vi tok turen heim. Ungane vekte Maria, og medan dei leika og bada ute, tok mamma ein forsinka helgavask. Ellers har vi laga blåbærpai som vi tok med til oldeforeldra, grilla heime og ellers berre slappa av.


Håkon er gentleman og geleidar Marthe over veien.




Inger med eigne born og lånte born kom og på frukosten


Slush-kos i sola



Mamma har gløymt å kjøpe plaskebasseng, så då var den gamle badestampen god å ha i varmen.


Oldemor og oldefar vart glade for overraskande besøk og kaffikos










Håkon viser kor tjukk mage han har fått;)


Tante Eva kom på middag i dag, kosa oss med grillmat i dag og

lørdag 30. mai 2009

Kostarrikjet

I helga er det Kostarrikjedagar i Syvde og vi har hatt ein kjekk dag i sola saman med gode vener. Vi starta turen med ein tur på gravene til onkel og oldefar, før vi møtte Inger, Lea, Ronja og Sara for å male i Leiten-galleriet.


Håkon ville ikkje male, men Marthe fekk signert eit kunstverk som skal stillast ut i morgon.




Onkel Ivar var der med brannbilen, her er det Lea som får prøve brannslangen.



Håkon fekk ta turen med helikopteret saman med Maria, Lea, Inger, Silje og Isak. Det kjekkaste på heile dagen i fylgje han sjølv, og vi trur han så gjerne. Trur guten lever lenge på den turen.




Marthe fekk kvile på skuldrane til Sara


Håkon og Marthe var modellar i dag, Marthe var trøtt og møyd av varmen og var ikkje så villig til å gå, men når ho fekk lov å gå saman med broren ville ho gå likevel. Søtinga!



Etterkvart tok vi turen heim, Sara, Inger, Lea og Ronja tok fylgje og vi kosa oss med grillmat og is. Kjekt!


Veldig varmt i Syvde i dag så vi kasta kleda når vi kom heim. Godt!




Vi avslutta dagen med å køyre Maria på fest, før vi fekk Ingrid og onkel på besøk. Ungane fekk ta seg eit bad før legging.




Marthe elskar å dusje seg!


Håkon og Ingrid et grillrestar før legging.

søndag 24. mai 2009

Valldal

Onsdag reiste vi til Valldalen saman med Daniel, Elisabeth og Bjørn. Alltid kjekt å vere saman med gode venar. Vi har kosa oss i sola og fått testa campinglivet nok ein gong før ferien. Neste gong går turen til Emil og Pippi!


Torsdag tok vi turen til Trollstien.


Håkon helsar på eit troll.


Ungane bygger varde på toppen av Trollstien


Pølser og grilling høyrer med på camping.


To stolte karar


Kose med Elisabeth




På leikeplassen
















mandag 18. mai 2009

17.mai

I år fekk pappa sin fyrste 17.mai saman med Marthe og Håkon (på tide). Håkon var flaggmester med litt assistanse frå pappa, vi gjekk i tog og kosa oss med is, brus, pølser og leikar.

Marthe hadde sunnfjordbunad i år, mormor laga den i fjor, men i år måtte mormor sy lengre skjørt på den. Håkon derimot hadde eit gamalt antrekk. I år som i fjor hadde han på seg matrosdressen etter onkel Knut-Jarle, og han var ein stolt og staseleg kar i raudt.


Håkon klar for flaggheising


Marthe fylgjer nøye med flaggheisinga.



Jammen fekk han flagget heilt til toppen!


Mamma og pappa sine hjerte pynta og klar for fest!



Ein tur innom grava før toget skulle gå.


Farmor og farmor si jente



Alle oldeforeldra, mormor, morfar, pappa og småtrolla. Berre mamma som manglar, men ho sto bak kamera.


Oldefar, oldemor og oldemor, Håkon og Marthe.


Flinke å gå sjølv i toget.


Fyrste isen


Håkon i potetløp


Mormor og Marthe i like bunadar. Mormor har sydd bunad til Marthe.


Håkon kastar erteposar.