fredag 26. desember 2008

Jula

Jula i år feirar vi heime med oss sjølve. Pappa skulle egentleg vere på båten, men sidan dei ligg på verkstad i Ulsteinvik fekk han kome heim julekvelden. Vi hadde ein koseleg julekveld med god mat og mange pakkar. Nissen kom ikkje i år, han var her natt til julafta i staden for, sidan Marthe er så redd han. Ho har i det siste vakna mykje på natta, og sei sjølv ho er redd for nissen så då vart det sånn i år. Kanskje kjem han neste år heller.

1.juledag reiste vi på besøk til pappa i Ulsteinvik. Der åt vi julelunsj og kosa oss. Ungane fekk gå i kinorommet og sjå film på storskjerm og det var stor stas.



Pyntar juletre lille julafta




Litt panikk for å stikke seg på treet;)


Julie, Marthe, Petter og Håkon ser Disney juleklassikera og et pepperkaker på julafta.



I finstasen:)




Håkon fekk seg ski:)


Kinorommet på båten til pappa





mandag 22. desember 2008

Marthe 2 år!

I dag er lille Marthe-gullet vårt 2 år! Tida går fort og ho har vorte stor jente, flink å prate og skal klare det meste sjøl. I dag kom oldeforeldra på kaffi for å feire lille vennen vår.


Marthe og Håkon har dekka bordet sjøl;)


Fekk feire bursdagen i barnehagen og der fekk ho krune og sveler!



Kosar oss med kaker og kaffi.

søndag 21. desember 2008

Nissefest

Som i fjor inviterte vi til nissefest for å feire Marthe. Vi kosa oss med graut, julekaker og julebrus, jammen kom ikkje nissen og!


Marthe var ivrig på gaveåpninga.


Mange små og store nissar:)



Alle smånissane klar for graut


Alle er så opptatt av at Daniel skal sjå i kameraet at dei gløymer seg sjølve;)



Og jammen kom nissen!


Daniel får helse på nissen.


Spente nisseborn




Nissejenta til mamma og pappa.


Dei litt meir skeptiske turde og å få pakke med nissen til slutt:)

Marthe har fødselsdag

...men ikkje før i morgon. Sidan vi har feira med nissefest i dag har ho vore av den oppfatning at det er i dag ho har fødselsdag, så derfor fekk ho åpne dei fleste gavene sine i dag. Mamma og pappa har kjøpt ho ny dukkevogn, og frå Trondheim kom der ny dokke. Veldig populært, Marthe har vorte ei lita mor for "babyane", sine som ho kallar dei.



SÅÅÅ glad for dokkevogna! Marthe pusta innover leeeeenge før ho klarte utpust, så spennande var det!


Håkon hadde kjøpt komfyr til Marthe, og fekk hjelpe til å pakke opp.



Baby Born dokke, Maria måtte hjelpe å åpne den, mamma fikk ikkje lov.





Fikk høgstol til dokka av Maria, den måtte testast med ein gong.

Tante Eli

Tante Eli kom heim på tysdag og Håkon gleda seg masse! Skuffelsen var stor då han forsto at ho skulle bu på Sandnes med mormor og morfar , og dermed måtte ho flytte inn i skuffa til Håkon. Det var berre for ei natt, men Håkon syntes det var stor stas at tante sov på rommet saman med han.

torsdag 11. desember 2008

Skule og båt!

I dag tok Marthe og Håkon fri i frå barnehagen og fekk heller vere med mamma og Silje på skulen. Alltid kjekt å vere med dit, spesielt sidan begge gar den oppfatning at skule vil sei å gå i kantina for å kose seg med mat, kakao og sjokolade;)

Etter at mamma var ferdig med rettleiing, tok vi turen om Ulsteinvik. Pappa har reist på arbeid i dag, men denne gongen er han ikkje lenger unna enn at vi kan ta oss ein tur på besøk. Det var stor stas for begge å kome ombord, og jammen vanka det ikkje både sjokolade og brus der og. Vi håpar at vi kanskje rekk endå ein tur før båten er klar for tur, Håkon ville gjerne sove på båten med pappa, så vi får sjå kva vi får til:)




Lunsj i kantina på skulen:)






Marthe steppar gjerne inn som vikar om ein manglar styrmenn;)








I byssa fann ein både Bamsemums, Kvikk Lunsj og brus:)

Små nissar

Onsdag var det nissefest i barnehagen, og på ettermiddagen tok smånissane seg ein tur for å overraske oldemor og oldefar. Der koste vi oss med kaker og kaffi. Det er lenge sidan vi har vore på besøk der no sidan Marthe har vore så sjuk så det var kjekt både for unge og gamle å treffast igjen.









lørdag 6. desember 2008

Fadderbesøk

Ronny er heime opå førjulsbesøk og han kom på besøk til oss i dag. Håkon fekk pakke og inn i der var det han ynskjer seg aller mest: smålego! Mamma, pappa og Ronny satt for det meste å bygde under besøket, gøy med lego;)






Håkon har klipt julesveis i dag.

Advent

Vi har byrja på julebaksten, litt seinare enn vi hadde tenkt, grunna sjukehusopphald. Pepperkakene er allereie oppetne, og frå pepperkakehuset forsvinn det mistenkeleg mykje nonstop i perioder. Pepperkakehus nr 2 vel og merke, sidan Marthe endte ein diskusjon med mamma ved å knuse det fyrste vi satte saman;)








Marthe pynta ikkje så mykje pepperkakehus, men åt desto meir nonstop:)

mandag 1. desember 2008

Heime att!

I dag fekk vi reise heim etter over ei veke på sjukehus. Godt å vere heime og no håpar vi Marthe kjem seg fort til att, ho er langt i frå frisk, men vi får ta tida til hjelp. Satsar på vi er på føta igjen til nissefest om nokre veker:)
Takk til alle som har tenkt på oss, sendt sms og ringt!


Slapp lita tulle søndag kveld.


Flinka tok medisinen uten problem


Lille gullet


Lunsj måndag, ei halv pølse og ein halv is;)


Mamma gir gulllet medisin




Kan tulle mellom nedturane:)


Kose og tulle med pappa


Marthe fikk inn sonde


Onkel Eldar kom på besøk med pakke


Prøvar seg på litt ballaktivitet, var ikkje mange minutta...


Går gjennom dagens nyhende


Smurte skive med nugatti, men den vart ikkje eten:(


Fikk trampoline på rommet, men den var det nok gjestane som brukte mest


Maria på besøk, i form til å tulle litt:)


Sjekkar utsikta


Kjekt å få Elisabeth på besøk, gøy med nokon andre enn berre mamma!


Mormor kom på torsdag og var på besøk heilt til lørdag:)


Tullejenta, fikk eit godt forhold til alle pleiarane.


Marthe gir harepusen sonde, medan pleiaren gir Marthe samstundes;)


Sint og lei, gjømte seg under senga og ville berre heim.


Fekk bil på rommet:) Her er vi på tur i vestibyla, på sjølve avdelinga fikk vi ikkje vere grunna smittefare.


Forma er stigande. Fant ein pakke med sukker som ho et, fornøgd lita jente!


Søndag kom Håkon og tante Eva, gleda var stor etter ei heil veke! Mamma og pappa sine gull, er så glade i dokke.


Tante Eva hadde og med pakke:)


Håkon lyttar på lungene til Marthe.


Siste dag på sjukehuset, sovna i bilen sin;)