Søndag sov Marthe heile dagen, ikkje fekk ho seg vått eller tort og ikkje hadde ho tissa, så til slutt tok vi kontakt med doktor. Vi vart sende til Ålesund for observasjon og meir prøvetaking. Vi er fortsatt på sjukehuset, her har ho fått konstantert virus på lungene. Feberen går opp og ned, og hosten plagar ho ein del, men ho er flink pasient og let doktorane og pleiarane undersøke ho og medisinere sånn som dei skal. I går ut på dagen vart ho i dårlegare form og doktoren frykta for lungebetennelse etter lydane på lungene å døme, men prøvene frå i dag viser at ho ikkje har det, heldigvis!!
Sidan søndag har ho fått inhalasjon annankvar time, men frå og med i dag har ho fått kvar tredje/fjerde time noko som ser ut til å fungere godt. I går kveld fekk ho lagt inn sonde for å unngå uttørring, diverre drikk ho endå ikkje noko særleg:( Ho sleit litt med å akseptere sonden, men utover kvelden/natta slo ho seg til ro med den.
Håkon er i dalen, men i morgon reiser Frode heim til han. Usikkert når vi to andre kjem heim, det kjem mykje an på kva væskeinntaket.
tirsdag 25. november 2008
søndag 23. november 2008
Gullet sjukt igjen:(
Daniel 2 år!
Daniel har hatt bursdag, men vi kunne ikkje kome i selskapet, så sist laurdag tok vi turen til Ålesund for å besøke dei. Hadde ein super dag, først på Leikeland, så heim til dei for å kose oss med pizza og kaker:)

Elisabeth, Daniel og Marthe i sila.

Daniel får bursdagsnuss med Marthe

Sila er heilt klart favoritten

Etter mykje springing, lyt ein kjøle ned med slush;)
Elisabeth, Daniel og Marthe i sila.
Daniel får bursdagsnuss med Marthe
Sila er heilt klart favoritten
Etter mykje springing, lyt ein kjøle ned med slush;)
lørdag 8. november 2008
Farsdag på forskudd
I ettermiddag var vi ein tur i dalen med farmor og farfar. Farfar fikk farsdagsgave på forskudd, og Håkon måtte hjelpe farfar og opne pakken.
Lørdag
I dag har Ronja og Lea vore her, medan Inger var på arbeid. Kjekt for ungane å leike seg i lag nokre timar. Etter grauten kledde alle mann på seg og vi tok turen i barnehagen, kjekt å leike der og, ungane åt lørdagsgodteriet sitt der og mammane drakk kaffi.

Lunsj med film attåt
Lunsj med film attåt
Lea: "JA!"
Mamma: "E dokke kjæresta me då?"
Håkon og Lea: "JA!"
Håkon: "En suss Lea?"
fredag 7. november 2008
tirsdag 4. november 2008
Ny venn!
I heile går hadde bygningsfolka som er hos oss hatt besøk av denne karen. Håkon var i ekstase når han oppdaga at vi hadde ein hund på besøk, og meinte at vi var nødt til å behalde den. Terry vart etterkvart henta av eigaren som hadde savna han heile dagen, og Håkon har lovt å vere med Lea å besøke han ein dag.
søndag 2. november 2008
Håkon er ikkje i form endå, men likevel på bedringens vei. Det same kan ein ikkje sei om Marthe, ho har vorte verre og utover dagen i dag har ho vorte slappare og skreke meir. Etter ein kveld med mykje skriking og lite soving tok vi turen til doktoren og der fekk vi konstantert øyrebetennelse som mamma frykta. I tillegg slit ho med stygg hoste og feber, men vi har heldigvis ikkje merka noko til bronkitt og piping i brystet (Bank-i-bordet!!), så kanskje slepp vi å ta i bruk astmamedisin denne gongen.

Håkon slappar av på golvet hjå mormor og morfar

Lisje-gullet til mamma og pappa, ikkje heilt i form nei:(
Håkon slappar av på golvet hjå mormor og morfar
Lisje-gullet til mamma og pappa, ikkje heilt i form nei:(
Abonner på:
Kommentarer (Atom)









